Juklerød til Belgia
Vålerengas Simen Juklerød er klar for belgiske Antwerp, melder Vålerenga på si heimeside.
Kantspelaren gjennomgjekk medisinsk test i dag, og har signert toårsavtale med klubben. Han kan få sin debut når den belgiske sesongen opnar 29. juli.
