Lekkasje på Ganddal – fem personar eksponert
0
Klokka 04.33 fekk naudetatane melding om lekkasje frå ein behaldar på Godsterminalen på Ganddal.
Brannvesenet har fått rydda opp i lekkasjen, der kring 5 liter væske har lekt ut av ein behaldar. Det er ikkje lenger fare for at fleire skal bli skadd, eller ny lekkasje. Det er totalt fem personar som har vore innom legevakta for sjekk. Politiet opprettar sak.
Operasjonsleiar John Ask seier til NRK at det er usikkert kva type væske det er snakk om. Men at personane vart sendt til legevakt for å vere på den sikre sida.
– Det har vore ubehageleg i forhold til væska, operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt, John Ask.
