– Det er ein dag som har forma mitt liv, og som framleis formar den eg er i dag
0
I dag er det 14 år sidan Noreg blei råka av terrorangrep i regjeringskvartalet og på Utøya. 77 personar blei drepne i angrepa – fleirtalet var ungdommar.
Leiar for AUF Gaute Skjervø hugsar 22. juli 2011 godt. For 14 år sidan svømte han med livet som innsats frå terrorangrepet på Utøya.
– Eg var ein av dei heldige som kom seg unna, og kanskje med ein stor porsjon flaks for min eigen del, seier Skjervø.
– Det er ein dag som har forma mitt liv, og som framleis formar den eg er i dag, legg han til.
AUF-leiaren er bekymra over utviklinga i samfunnet.
– Det er ein trasig realitet at folk og unge menneske blir drapstrua for å vere politisk engasjert i 2025.
