Ung mann sikta for fem brannar i Bergen – forklarte at dei hadde vore frekke med han i fortida
Ein mann i starten av 20-åra er sikta for å ha stått bak til saman fire bustadbrannar, og ein bilbrann, i løpet av ein periode på fire månadar. Han vart arrestert i april i år, i samband med den siste brannen.
Det går fram i ei fengslingsavgjerd frå Hordaland tingrett, som BA omtalte først.
Tingretten meiner brannane potensielt kunne ha hatt svært alvorlege konsekvensar, og at menneskeliv kunne ha gått tapt.
Mellom anna vart 56 bebuarar evakuerte i ein kraftig brann på Sandsli vesle julaftan i fjor.
I avhøyr har den sikta mannen forklart at han meinte folk i husa hadde vore frekke med han i fortida, og at han følte dei ikkje var skuls.
Retten meiner mannen ser ut til å ha låg terskel for å setja andre sine liv i fare, at motiva verkar å vera bagatellmessige, og at han ikkje har teke inn over seg alvoret.
Dei legg også vekt på den sikta mannen har forklart at han var sikker på at brannane kom til å verta oppdaga.
Mannen har sete i varetekt sidan arrestasjonen i april, og vart fengsla på ny denne gongen. Det er venta at rettssaka skal opp i løpet av året.
