Добавить новость
smi24.net
World News
Июль
2025

Reinsdyr angripne av hundar

0
NRK.no 

Politiet sende ein patrulje til Grøtfjord i Tromsø etter melding om at eitt reinsdyr skal ha blitt drepe av hundar.

Hundeeigaren har sjølv varsla politiet, og har no kontroll på hundane. Reineigar er varsla, opplyser politiet.

Kl. 13.30 opplyser Troms politidistrikt at dei er framme på staden, og har snakka med vitne.

– To hundar skal ha jaga ein liten flokk med reinsdyr, og tre av desse sprang på havet, ifølge vitne på staden. Det eine reinsdyret døydde av skadane det blei påført av hundane, seier operasjonsleiar Per Arve Aas.

Dyret har blitt henta opp frå vatnet ved hjelp av lokalbefolkninga. Status for resten av dyra i reinsdyrflokken er usikkert, ifølge politiet.

– Politipatruljen fortalde at dei møtte minst to reinsdyr som sprang i «panikk» langs vegen, seier Aas.

Det er lovbestemt bandtvang for hundar i tida 1. april til og med 20. august.















Музыкальные новости






















СМИ24.net — правдивые новости, непрерывно 24/7 на русском языке с ежеминутным обновлением *