Добавить новость
smi24.net
World News
Июль
2025

Redningsaksjon i Loelva etter observasjon av tom kajakk

0
NRK.no 

Det går føre seg ein større redningsaksjon i Loelva i Stryn, etter observasjon av ein tom kajakk og ei åre på veg nedover mot Nordfjorden.

Meldinga kom klokka 11.27.

Ingen er meldt sakna eller observert i naud, og politiet ber dei som eventuelt veit noko om kajakken om å ta kontakt straks.

– Me er i gang med søk. Utover det har me ingen informasjon no seier ein representant for det lokale brannvesenet i Stryn klokka 12.20.

Det er høg vasstand og god vassføring i elva. Loelva er ei tre kilometer lang elv som renn frå det kjende Lovatnet og ned i fjorden i turistbygda Loen.

– Me er på staden med ein god del ressursar. Førebels så behandlar me dette som ein redningsaksjon etter folk i nød inntil vidare, seier operasjonsleiar Stein Rune Øyjordsbakken Halleraker i Vest politidistrikt klokka 12.30.

Framleis har dei ikkje lokalisert kajakken.

– Kajakken vart observert over tid, så me er sikker på observasjonen er riktig, seier operasjonsleiaren.

I tillegg til søk, driv politiet med etteretning for å finna alternative grunnar til at kajakken og åra hamna i elva.















Музыкальные новости






















СМИ24.net — правдивые новости, непрерывно 24/7 на русском языке с ежеминутным обновлением *