Høgre får førebels 14,4 prosent
0
Høgre ser ut til å gjere eit av sine desidert dårlegaste val nokon gong, med ei førebels oppslutning på 14,4 prosent.
Det viser opptellinga av dei rekordmange 2 millionar førehandsstemmene.
Det gjekk eit gisp gjennom salen då Høgre sitt førebelse valresultat vart lese opp under valvaka.
I 2005 gjorde Høgre sitt dårlegaste val nokon gong, og då enda Høgre på 14,1 prosent.
