Добавить новость
smi24.net
World News
Сентябрь
2025

Stoltenberg svarte kontrollkomiteen for tredje gong

0
NRK.no 

For tredje gong har finansminister Jens Stoltenberg (Ap) svart på spørsmål frå Stortingets kontrollkomité om oljefondets investeringar i Israel.

I brevet gjer Stoltenberg greie for departementets kontakt med Noregs Bank og Etikkrådet.

Han svarar også på spørsmål om informasjon han tidlegare har gitt til Stortinget og kontrollkomiteen, og om FN-rapportar han har mottatt.

– Det er mitt ansvar som finansminister å påse at dei etiske retningslinene er i tråd med Stortingets føresetnader og at Etikkrådet følgjer opp desse som føresett, konstaterer Stoltenberg.

Finansministeren har fått tre rundar med spørsmål om saka frå Stortingets kontroll- og konstitusjonskomite.

Svarbreva til dei to første spørsmålsbolkane blei regelrett slakta av komitémedlemmer over heile partispekteret, som ikkje meinte han svarte på spørsmåla.

Dette kan ende med kontrollsak. Den nye kontrollkomiteen må ta den endelege avgjerda om kontrollsak når dei samlast i oktober















Музыкальные новости






















СМИ24.net — правдивые новости, непрерывно 24/7 на русском языке с ежеминутным обновлением *