Добавить новость
smi24.net
World News
Сентябрь
2025

Canada, Storbritannia og Australia anerkjenner Palestina som stat

0
NRK.no 

– Canada anerkjenner staten Palestina og tilbyr vårt partnarskap i å bygge eit fredfullt framtidshåp for både staten Palestina og staten Israel, skriv den kanadiske statsministeren Mark Carney i ei utsegn på X.

Det melder Reuters.

Også Australia og Storbritannia har sundag anerkjent Palestina som ein eigen stat.

– Håpet om ei tostatsløysing er i ferd med å bleikne, men vi kan ikkje la det lyset sløkke, seier den britiske statsministeren, Keir Starmer.

Han legg til at landet samstundes som anerkjenninga har gitt ordre om å førebu sanksjonar mot fleire Hamas-leiarar i vekene som kjem.

Sundagens anerkjenning fører seg inn i rekka av fleire vestlege land som har valt å anerkjenne Palestina og støtte ei tostatsløysing mellom Israel og Palestina.

Noreg anerkjende Palestina våren 2024, saman med fleire europeiske land.















Музыкальные новости






















СМИ24.net — правдивые новости, непрерывно 24/7 на русском языке с ежеминутным обновлением *