Skoten mann blir ikkje varetektsfengsla
Mannen som blei skoten i beinet av poltiet natt til tysdag deltok på fengslingsmøtet via videolink frå Haukeland universitetssjukehus.
Mannen i 40-åra er sikta for hensynlaus åtferd og ulovleg bevæpning på offentleg stad etter at politiet rykka ut på meldingar om at mannen var rusa og aggresiv medan han bar på ei øks på ein gravplass.
Politiet ba om å varetektsfengsle mannen i fire veker, men mannen blei lauslaten med meldeplikt, opplyser forsvarar Ole-Petter Grythe Hoff.
Politiadvokat Rune Malt har grunngjeve ønsket om å varetektsfengsle mannen med at det er fare for gjentaking.
Det er ikkje forsvarar Hoff einig i at det er.
– Det er inga fare for nye straffbare handlingar då han faktisk ikkje er i stand til å bevege seg dei neste vekene, seier han til Bergensavisen.
