Demonstrasjonar på Madagaskar
0
Styresmaktene på Madagaskar har skjerpa sikkerheita i hovudstaden Antananarivo fredag på grunn av nye demonstrasjonar mot president Andry Rajoelina, melder AFP.
Protestane starta 25. september, og har spreidd seg over heile øya.
Dei krev at Rajoelina skal trekke seg på grunn av mangel på blant anna vatn og elektrisitet.
Ifølge FN er minst 22 menneske døde etter vald knytt til protestane, men dette er eit tal som regjeringa på Madagaskar ikkje går god for.
