MDG: – Ganske provoserande frå Arbeidarpartiet
– Ut ifrå det eg veit, så ser det ut til at Arbeidarpartiet vil gå i stikk motsett retning av det vi ønsker, seier MDG-leiar Arild Hermstad om etikkreglane for oljefondet.
Det går mot eit fleirtal på Stortinget for å endre reglane for fondet, opplyser fleire kjelder til NRK.
Truleg vil Frp, Høgre, Senterpartiet og kanskje KrF stille seg bak forslaga.
– Eg synest det er ganske provoserande at Ap gjer opp politikk no med Frp, på veg inn i budsjettforhandlingar med partia som peika på Støre før valet. Det er eit veldig dårleg signal å sende til oss. Det betyr at vi må ha mykje sterkare gjennomslag på våre fanesaker i budsjettforhandlingane, seier Hermstad.
MDG har levert ei rekke forslag til innstrammingar saman med Raudt, SV og Venstre, men desse har ikkje Arbeidarpartiet tatt omsyn til, seier Hermstad.
