Frankrike støtter Grønland
0
Frankrike uttrykker solidaritet med Danmark etter at USA sin president Donald Trump kom med nye trugslar om å ta Grønland, melder NTB.
– Grenser kan ikkje bli endra med makt. Grønland tilhøyrer grønlendarane, og det er opp til dei kva dei vil gjere med landet, seier talsperson Pascal Confavreux i det franske utanriksdepartementet, skriv NTB.
Trump har igjen komme med nye ønsker om å ta over Grønland, etter USA sitt angrep mot Venezuela og pågripinga av president Nicolás Maduro.
Danmark sin statsminister Mette Frederiksen har bedd om at USA sluttar med trugslane.
