Добавить новость
smi24.net
World News
Январь
2026

Sørloth skriven ut frå sjukehus etter hovudsmell – reiser heim til Madrid

0

Landslagsstjerna Alexander Sørloth pådro seg ein tøff hovudsmell og måtte ut på båre då Atlético Madrid spelte 0–0 mot Levante.

Den norske spissen blei send rett til sjukehus, og i nokre timar var alvorlegheitsgraden uviss. Nokre timar seinare laurdag kveld kunne klubben melde at han var skriven ut igjen, og at han ikkje hadde pådrege seg nokon alvorlege skadar.

– Undersøkingar av Alexander Sørloth utelukkar brot og blødingar i kraniet, skriv Atletico på X.

Nordmannen starta kampen mot Levante. 22 minutt ut i kampen skulle Sørloth forsvare eit hjørnespark i eigen sekstenmeter.

Etter ein duell med Levante-spelar Matias Moreno vart spissen liggande i over tre minutt med medisinsk personell rundt seg. Han vart etter kvart frakta ut på båre. Han var ved bevisstheit, men med tydelege smerter.

Julian Alvarez erstatta nordmannen. Moreno vart også bytta ut like etter.

Det endte med 0-0 og poengdeling på Ciudad de Valencia. (NRK/NTB)















Музыкальные новости






















СМИ24.net — правдивые новости, непрерывно 24/7 на русском языке с ежеминутным обновлением *