Добавить новость
smi24.net
World News
Февраль
2026
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28

Ryerson med nok eit målpoeng i Bundesliga

0

Wolfsburg tok imot Borussia Dortmund i den 21. runden i den tyske Bundesliga laurdag ettermiddag.

Julian Ryerson starta kampen på den høgre vingback-posisjonen og leverte ein målgivande pasning til Julian Brandt etter 38 minutt spelt. Det var nordmannen sin sjuande assist i Bundesliga denne sesongen.

Like etter kvilen utlikna midtstoppar Konstantinos Koulierakis etter ein målgivande frå Maximilian Arnold. Tre minutt før ordinær tid scorar Dortmund spissen Serhou Guirassy det avgjerande målet.

Det endar 1–2 til Borussia Dortmund i Wolfsburg.

Wolfsburg har slite heile sesongen og ligg på 16. plass i ligaen, som også betyr nedrykkskvalifisering. Dortmund tok ein viktig siger og vil halde 2.-plassen også etter denne runda med 48 poeng.

Bayern München leiar ligaen med 51 poeng og ein kamp mindre spelt enn dei dei svarte og gule.















Музыкальные новости






















СМИ24.net — правдивые новости, непрерывно 24/7 на русском языке с ежеминутным обновлением *