Добавить новость
smi24.net
World News
Февраль
2026
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22
23
24
25
26
27
28

Terje Rød-Larsen er avhøyrt av Økokrim i Oslo

0
NRK.no 

Rød-Larsen har gitt ei inngåande forklaring til Økokrim, om alle forholda det er stilt spørsmål ved.

Det stadfestar advokaten hans, John Christian Elden, til NRK.

– Siktinga viser ikkje til konkrete handlingar, noko som gjer det vanskeleg å vite kva han direkte er mistenkt for, seier Elden.

Han repeterer at Rød-Larsen ikkje erkjenner straffskuld.

– Trass i dette, har Rød-Larsen ut frå sin helsesituasjon forklart seg utførleg om sin relasjon til Jeffrey Epstein, deriblant deira samhandling og økonomiske forhold, seier Elden.

Avhøyret har gått føre seg i Oslo, opplyser Økokrim.

– Han har svart på våre spørsmål og vi har inntrykk av at han ønskjer å samarbeide med Økokrim, seier påtaleansvarleg i etterforskinga mot Mona Juul og Terje Rød-Larsen, førstestatsadvokat Marianne Bender.

Rød-Larsen har også oppheva teieplikta for sine tidlegare advokatar i tilknyting til leilegheitskjøpet på Frogner, slik at dei fritt kan forklare seg overfor Økokrim, når dei no skal i avhøyr.Økokrim er også i kontakt med utanlandske styresmakter som del av etterforskinga av Rød-Larsen og Juul.

– Etterforskinga er omfattande og kjem til å ta tid, seier Bender.















Музыкальные новости






















СМИ24.net — правдивые новости, непрерывно 24/7 на русском языке с ежеминутным обновлением *