Hordvik-sikta fengsla i fire veker
Mannen som vart pågripen etter å ha skote mot politiet og nabobygningar i Hordvik onsdag, er varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøkskontroll.
Mannen er sikta for grove truslar med skytevåpen og skadeverk, og siktinga vart fredag òg utvida til drapsforsøk.
Tingretten legg til grunn at mannen hadde skyldevne – altså at han var tilrekneleg på handlingstidspunktet.
Sikta var ikkje sjølv til stades på fengslingsmøtet, då han ennå er innlagt på sjukehus.
I grunngjevinga for fengslinga legg tingretten vekt på at dei meiner det er sannsynleg at sikta vil gjera nye lovbrot, og at det er fare for øydelegging av bevis.
Sikta sin forsvarar Bertil Christian Hast Rønnestad seier til NRK at han ikkje har fått gått gjennom avgjerda med sin klient, og dermed ikkje har tatt stilling til om dei vil anke avgjerda.
Politiet melder at dei held fram arbeidet på åstaden gjennom helga.
