Åtvara mot snøskred: – Krevjande forhold i fjellet
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har sendt ut heile 23 varsel om snøskred på sida varsom.no.
Verst kan det bli på Helgeland, der det er betydeleg snøskredfare, altså faregrad tre, både laurdag, søndag og måndag.
– Mykje nedbør og vind gir krevjande forhold i fjellet, skriv NVE i varsla Helgeland for søndag.
Vidare står det på nettsida at vinden vil flytte laus snø inn i leområde, og danne ustabile fokksnøflak. Skred kan losne både naturleg eller under vekta av ein skiløpar.
– Skredfaren aukar utover ettermiddagen. Det er venta naturleg utløyste skred, står det på nettsida.
For Salten er det moderat snøskredfare, faregrad to. Der skriv NVE at det er fare for flakskred høgt til fjells.
– Det er vanskeleg å påverke laget, men skred som losnar kan bli store, skriv dei.
Medan Ofoten og Lofoten og Vesterålen har liten snøskredfare.