Мы в Telegram
Добавить новость
smi24.net
World News in Norwegian
Апрель
2024

Mange skal vere drepne i luftangrep i Gaza

0
NRK.no 

Minst 20 palestinarar skal vere drepne i luftangrep mot Rafah på Gazastripa, ifølge palestinske helsestyresmakter, melder Reuters.

Nyheitsbyrået AP skriv at minst 22 er drepne.

Blant dei drepne skal det vere seks kvinner og fem barn, ifølge styresmaktene.

Over ein million internt fordrive palestinarar har søkt tilflukt i Rafah, som er den siste store byen i Gaza som enno ikkje er angripe av israelske bakkestyrkar enno.

Men Israel har truga med ein bakkeinvasjon om Hamas ikkje går med på ein avtale om å sette fri dei israelske gislane som framleis blir halde fanga i Gaza.

Fleire land fryktar ei humanitær katastrofe dersom Israel går inn i Rafah.











СМИ24.net — правдивые новости, непрерывно 24/7 на русском языке с ежеминутным обновлением *