Мы в Telegram
Добавить новость
smi24.net
World News in Norwegian
Май
2024
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31

Mordbrann-tiltalt har forsvunne

0
NRK.no 
Mordbrann-tiltalt har forsvunne

Rettssaka mot ein mann i 60-åra som er tiltalt for mordbrannen på Skedsmokorset 3. august 2021, er utsett på ubestemt tid.

Mannen blei i fjor haust tiltalt for å ha drepe sonen sin ved å dope han ned, før han helte brennbar væske i rekkehusleilegheita og tente på.

Saka skulle opphavleg ha starta i Romerike og Glåmdal tingrett torsdag 2. mai, men påtalemakta har ikkje fått tak i mannen for å kunngjere tiltalen.

– Det er alltid uheldig når saker ikkje blir gjennomført etter planen. Vi har jo planlagt ressursar fram til saka. Når tiltalar og oppmøtetidspunkt ikkje blir kunngjort så må sakene avlysast, seier statsadvokat Jeanette Hegna.

Ho vil ikkje kommentere kor ofte slike ting skjer.

– Veit de kor han er?

– Etter kva vi veit oppheld vedkomande seg i India, seier Hegna.

Dei første vekene etter brannen, var mannen varetektsfengsla før lagmannsretten bestemde at han skulle bli sett fri.

– Etter det har han gått fritt rundt, seier politiadvokat Eirik Braathen i Aust politidistrikt.

No er mannen etterlyst internasjonalt.

– Vi jobbar opp mot våre internasjonale kontaktar for å få tak i han og eventuelt få han utlevert til Noreg, slik at rettssaka kan starte her.

Forsvararen til mannen, Ole Kristian Ringnes, vil ikkje kommentere kor mannen er eller kva kontakt dei har hatt.

– Eg registrerer at påtalemakta ikkje har kunngjort tiltalen til klienten min. Utover det har eg ingen betraktningar til situasjonen slik han er no.











СМИ24.net — правдивые новости, непрерывно 24/7 на русском языке с ежеминутным обновлением *