Trump hevdar hemmelegstempla informasjon ikkje vart delt i chat
Det var ikkje noko hemmelegstempla informasjon som vart delt i ein Signal-chat tidlegare i mars, hevdar president Donald Trump tysdag. Det skriv nyheitsbyrået Reuters.
Trump seier òg at Signal var den beste tilgjengelege teknologien i augeblinken, og seier at nasjonal sikkerheitsrådgjevar skal undersøka kor trygg appen er.
Det har skapt mykje diskusjon etter at det måndag vart kjent at hemmelege planar om å angripa Jemen vart delte i ein chat i appen Signal. Fleire høgtståande tenestepersonar i USA var med i chatten. Ved ein feil vart òg ein journalist lagt til i gruppa.
Fleire har kritisert bruken av appen til å dela det som av sikkerheitsekspertar har vorte klart skildra som hemmelegstempla informasjon.
