Fann nedkjølt turgåar i Ullensvang – frakta til sjukehus
0
Turgåarar fann ein nedkjølt person åleine på fjellet i Ullensvang tysdag. Personen fekk først hjelp på staden, og blei forsøkt gått eller bore tilbake av turgåarane som fann personen.
Etter kvart har tilstanden til personen forverra seg, og vedkommande fekk livreddande behandling på staden.
Eit redningshelikopter har tatt med seg den skadde til Ullevål sjukehus. Tilstanden er ikkje kjend.
Politiet set ikkje personen i samanheng med den sakna amerikanaren på Folgefonna.
