Beredskapsministeren: Viser kor alvorleg eit ekstremvêr er
Vinden og nedbøren som har kome med stormen «Amy» har gjort store materielle skadar.
Forsikringsselskapa har så langt fått inn nesten 300 skademeldingar som følge av uveret, men det er venta at dette vil stige.
Justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen seier ho har hatt fått tilbakemeldingar frå kommunane om skadar og korleis uveret har blitt møtt.
– Dei orienteringane eg har fått til no, viser at dette er alvorleg. Og det viser kor alvorleg eit ekstremvêr er. Men samtidig ser vi at vi har vore godt forberedt, og at det er mange som handterer dette. Det at vi ikkje har fått meldingar om forhold som har gått alvorleg utover liv og helse er godt å ta med seg.