Hamas seier dei er klare for samtalar
0
Hamas seier laurdag at dei er klare for å starte forhandlingar for å løyse alle uavklarte spørsmål knytt til USAs president Donald Trumps våpenkvileavtale for Gaza.
– Vi er klare til å starte forhandlingar umiddelbart for å få avklart alle spørsmål, seier ein høgtståande Hamas-representant til nyheitsbyrået AFP.
Fredag sa Hamas dei var klare til å sette fri alle gislane som blir halde fanga på Gazastripa, men kommenterte ikkje krava om avvæpning og eksil frå dei palestinske områda etter at krigen er over.