Finland har tatt eit skip i varetekt – mistenkt for kabelskade
0
Finske styresmakter har gjennomført inspeksjon av eit fartøy som er mistenkt for å ha forårsaka skade på undersjøiske kablar i området, melder Reuters.
Finsk politi opplyser at ein telekommunikasjonskabel eigd av tenesteleverandøren Elisa er skadd. Kabelen går mellom Helsingfors og Tallinn.
Politiet har også funne at ankerkjettingen på det mistenkte fartøyet var senka ned i sjøen.
Nasjonaliteten til skipet er ikkje kjent
Saka blir no etterforska av politiet.
Finlands president Alexander Stubb skriv på X at Finland er førebudd på tryggingsutfordringar, og at landet vil svare om det blir nødvendig.
