Добавить новость
smi24.net
World News in Norwegian
Февраль
2026
1 2 3 4 5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28

Har ikkje kontroll på terrengbrannen på Lye på Jæren

0
NRK.no 

Ved midnatt blei det meldt om brann i terrenget i området ved Lyefjell i Time kommune.

Kraftig vind og tørt terreng gjer sløkkearbeidet krevjande, og ved 06.15 tida i dag er brannen framleis ikkje sløkt.

– Vi held på med fullt mannskap, og har ikkje full kontroll ennå, seier vakthavande i brannvesenet, Svein Nesse tidleg i dag.

Vakthavande brannsjef Ståle Fjellberg seier at mørket gjer det vanskeleg å anslå omfanget av brannen, og at det samstundes hindrar mannskapa i å ta seg fram i terrenget.

Han seier dei ikkje har fått informasjon om at det er fare for busetnadar i område.

– Ut frå meldingane vi har fått inn har det ikkje vore fare for spreiing til hus. Vi har vore heldig med vindretninga, seier Fjellberg rundt klokka 06.15.

Det er ikkje sett inn helikopter, men det blir gjort ei vurdering fortløpande. Politiet bistår med drone.















Музыкальные новости






















СМИ24.net — правдивые новости, непрерывно 24/7 на русском языке с ежеминутным обновлением *