Добавить новость
smi24.net
World News in Norwegian
Февраль
2026
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28

Kvinne hamna i sjøen i Bergen – mann hoppa etter

0
NRK.no 

Ved 23.30-tida torsdag kveld rykte naudetatane ut til Bryggen i Bergen etter melding om to personar i sjøen.

Det viste seg etter kvart at ei kvinne hadde falle i vatnet, medan ein mann hadde hoppa etter for å hjelpe.

– Begge fekk hjelp til å kome seg på land av politipatruljane som kom til staden, opplyser operasjonsleiar Bjarte Rebnord til NRK.

Han rosar innsatsen til mannen.

– Han gjorde ein veldig viktig innsats. Ikkje nok med at han hoppa etter, men han klarte også å varsle naudetatane. Så hans innsats var nok uvurderleg.

Det tok rundt fire minutt frå politiet fekk meldinga til første patrulje var på staden.

Dei to hamna i ei lita lomme mellom ein stor båt og sjølve brygga.

– Det var nokre utfordringar for patruljen i og med at denne båten, som er forholdsvis tung, låg tett mot brygga, og det var lite rom for dei to som låg i vatnet. Men dei fekk skubba båten litt ut.

Kvinna var først medvitslaus, men var vaken då ho vart teken med i ambulansen.

Mannen vart køyrd til legevakta for undersøking.















Музыкальные новости






















СМИ24.net — правдивые новости, непрерывно 24/7 на русском языке с ежеминутным обновлением *