Bil har gått rundt ved Atlanterhavsvegen
0
Politiet melder om at ein bil har gått rundt utanfor vegen ved Atlanterhavsvegen.
Naudetatane er på veg.
Bilen ligg ifølgje politiet 100 meter frå vegbana, i fjøresteinane.
Operasjonsleiar Tove Holst-Dyrnes seier at dei som var i bilen er ute og ikkje framstår alvorleg skadd.
Politiet er ikkje framme på staden endå, men Holst-Dyrnes seier at bilen ligg langt unna vegen, og at dette kan gje ein indikasjon på farta.
Det er 80 km/t på staden.
