Добавить новость
smi24.net
World News in Norwegian
Февраль
2026
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23
24
25
26
27
28

Salmonella på Norsvin i Løten

0
NRK.no 

Det er påvist salmonella på Norsvin sin rånestasjon i Løten. Derfor er heile anlegget nå bandlagt.
 Det betyr blant anna stopp i all flyt av dyr inn og ut av anlegget og skjerpa smittevernrutinar.
Kommunikasjonssjef Wenche Helseth seier til NRK at dei ser svært alvorleg på smitta.
Smitta vart oppdaga gjennom systematisk prøvetaking.
– Vi har veldig streng overvaking av dyrehelse i Noreg, og prøvetaking er ein del av overvakingsprogrammet.
Delta Norsvin på Løten tar imot avlsrånar frå rundt 40 ulike besetningar rundt i landet. Det vart først oppdaga salmonella i ein av dei, så kom smitta til Løten.
Anlegget er nå i første omgang stengd ned til ut veka. Helseth kan ikkje seie når det blir opna att
–Vi er glade for at vi har et overvakingsprogram i Noreg, nettopp på salmonella på gris. Fordi dette er ein del av det å sikre mattryggleiken hos den norske befolkninga.
Norsvin er i tett dialog med Mattilsynet og Veterinærinstituttet om handtering av smitta rånar, plan for vidare prøvetaking av bingar, enkeltdyr og miljø.

Sæden frå dei beste rånane som kjem til Løten, går vidare til avl av slaktegris. Helseth legg ikkje skjul på at smittesituasjonen vil få konsekvensar for avlsarbeidet, den daglege drifta ved anlegget og eksportverksemda.
Salmonella hos norsk svin er ekstremt sjelden. Norge har en av verdens laveste forekomster av salmonella i husdyrpopulasjonen, noko som skuldast det strenge overvakingsprogrammet som har pågått siden 1995.















Музыкальные новости






















СМИ24.net — правдивые новости, непрерывно 24/7 на русском языке с ежеминутным обновлением *