Добавить новость
smi24.net
World News in Norwegian
Март
2026
1 2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31

Israel melder om nye angrep i Iran - vitne seier sjukehus er angripe

0
NRK.no 

Det israelske militæret (IDF) seier at dei sundag har gjennomført angrep mot fleire titals iranske militære mål, mellom anna anlegg knytte til Revolusjonsgarden. Det melder Reuters.

To vitne seier til Reuters at eit sjukehus i Gandhi Street-området i Teheran skal ha blitt ramma i eit angrep.

Ifølge vitna fekk bygningen store skadar, og pasientar blei evakuerte.

Opplysningane er ikkje uavhengig stadfesta, og Israel har ikkje kommentert meldingane om at sjukehuset skal vere treft.

Det iranske nyheitsbyrået Tasnim melder samstundes at ein politistasjon og nærliggande bustadbygg i Rey sør for Teheran er ramma av angrep. Heller ikkje dette er stadfesta frå uavhengig hald.















Музыкальные новости






















СМИ24.net — правдивые новости, непрерывно 24/7 на русском языке с ежеминутным обновлением *