EU vurderer tiltak for å halde Hormuzsundet ope
0
– Det er i vår interesse å halde Hormuzsundet ope, og derfor diskuterer vi kva vi kan gjere frå europeisk side, seier EUs utanrikssjef Kaja Kallas. Det melder Reuters.
Ho seier vidare at EU vil diskutere kva tiltak som kan blir gjort for å halde sundet ope.
Kallas opplyser også at ho har snakka med FNs generalsekretær António Guterres om stenginga av sundet.
Samtidig vil EU vurdere om mandatet til den europeiske marineoperasjonen i Raudehavet kan endrast for å betre verne skipstrafikken mot angrep.
