Vasslekkasje på Slottet
Natt til tysdag var det ein lekkasje med varmt vatn på Slottet, opplyser kongehuset i ei pressemelding. Årsaka til lekkasjen var ei kopling i eit varmtvassrøyr som hadde losna. Brannalarmen blei utløyst. Statsbygg og naudetatane kom til staden og fekk stoppa lekkasjen. Skadeomfanget ser førebels ut til å vere avgrensa, og det er ingen vesentlege skadar på historiske verdiar, skriv hoffet.
