Tidlegare trenar dømd for overgrep
0
Ein tidlegare trenar i Vestland er dømd til fengsel i fire år og to månader for overgrep mot seks jenter som han var trenar for. Overgrepa skal ha skjedd gjennom ein periode på nesten ti år.
Ifølgje tiltalen bygde mannen i 30-åra opp eit avhengigheits- eller tillitsforhold til dei fornærma, som han var trenar for. Dette skal han ha utnytta for å få seksuell omgang. Mannen nekta straffskuld.
Mannen må også betale nær 1,2 millionar kroner i erstatning til dei seks jentene. Han blir ikkje fråteken retten til å ha verv eller stilling som trenar.