Mann gjekk seg bort på Vidden i Bergen – har kome til rette
Klokka 18.41 starta politiet i samråd med Hovudredningssentralen eit redningsoppdrag etter ein mann i 20-åra.
Mannen hadde sjølv meld at han hadde gått seg bort mellom Ulriken og Fløyen i Bergen.
Luftambulansen deltok i søket, men måtte returnere på grunn av vanskelege forhold med vind og lågt skydekke. Det var òg for mykje vind til å bruke drone, melde operasjonsleiar Frode Kolltveit.
Frivillige frå Raude Kors, Norske Redningshunder og Norsk Folkehjelp blei kalla ut.
Klokka 20.26 melde politiet at mannen var kome til rette ved Rundemanen. Mannen hadde der ringt inn til AMK med telefonen til ein annan turgåar han møtte på vegen. Dei to går saman mot Fløyen for å møte redningsmannskap.
Mannen er ikkje skada, berre våt og kald, melder Kolltveit.
