Det ser lyst ut for Kristian Krogh Johannessens håp om å spele OL i golf. No er han godt framfor mannen som kan utfordre han om Tokyo-billetten.
Johannessen låg på den utsette 60.-plassen på OL-rankinga, som akkurat gir plass i sommarleikane i Japan, før denne vekas Challenge-turnering i Cádiz.
Der spelar også Wu Ashun, som med eit godt resultat vil kunne passere Johannessen og ta den siste OL-plassen.
Men no ligg kinesaren i faresona for å ikkje klare cuten. Dersom det skulle skje vil Johannessen vere sikra ein OL-plass. Читать дальше...