Nick Loftus er ferdig som hovudtrenar for Klepp i Toppserien. Han trekkjer seg etter ein hittil svak 2021-sesong.
Klepp er nummer ni på tabellen berre eitt poeng over direkte nedrykksplass.
– Det er tøft, men det var best for alle å gå vidare. Det har vore ein tøff periode for klubben med svake resultat, og fotball er drive av resultat. Eg er skuffa over korleis det har gått. Som trenar ønskjer du å dra på ein god måte, seier Loftus til Stavanger Aftenblad.
For berre ei veke sidan fekk skotten fornya tillit frå Klepp-styret. Читать дальше...