Tore André Flo (48) blir Sogndals hovudtrenar etter at Eirik Bakke gjev seg etter inneverande sesong.
Det opplyser 1. divisjonsklubben på sin nettstad onsdag.
Flo har arbeidd i Premier League-klubben Chelsea dei siste åra, men kjem altså no heim til Noreg og Sogndal for å ta fatt på jobben som trenar for laget. Han har skrive treårskontrakt med Sogndal, med start ved årsskiftet.
– Vi takkar Chelsea for ein ryddig prosess og eit godt samarbeid, skriv Sogndal i pressemeldinga.
Flo spela sjølv for Sogndal i 1993-94 og i 2011-12. Читать дальше...