Добавить новость
smi24.net
Sport 24/7
Июнь
2021

Delaney: – Ikkje gøy å stå der

0

Thomas Delaney var ein av spelarane som slo ring rundt Christian Eriksen medan han fekk livreddande hjelp under EM-kampen mot Finland. No fortel han korleis det var å stå rundt lagkameraten i den situasjonen.

– Vi stod der og tok avgjersla om å skjerme Christian for å skjerme legane som stod og behandla han. Og like mykje for Christians venar og familie, for det er ikkje gøy å sjå slike ting, seier Delaney på pressekonferansen før møtet med Belgia.

– Det var heller ikkje gøy for oss å stå der, men det føltes som ein måte for oss å hjelpe Christian på.

Og i dagane etter hendinga har det danske landslaget knytt sterke band seg i mellom.

– Eg har opplevd ærlegdom og kjærleik i laget dei siste dagane. Det har vore plass til alle, og alle har hatt sjansen til å vere ærlege om deira kjensler. Det har vore ein god ting, alt teke i betraktning, seier Delaney.















Музыкальные новости






















СМИ24.net — правдивые новости, непрерывно 24/7 на русском языке с ежеминутным обновлением *