Добавить новость
smi24.net
Sport 24/7
Август
2021

OLs første transkvinne får medalje

0

Den kanadiske fotballspelaren Quinn er ikkje berre den første opne transpersonen i OL, men også den første som tek medalje.

25-åringen er på laget som seinare i dag møter Sverige i finalen, og vil dermed kome ut av OL med enten gull eller sølv.

I opningskampen mot Japan 21. juli blei ho også den første som deltok i OL – før den meir omtalte newzalandske vektløftaren Lauren Hubbard. Ho var den første olympiaren i ein individuell konkurranse, og det har skapt debatt.

Quinn debuterte på landslaget i 2014, og deltok i OL i Rio i 2016, men hadde då ikkje stått fram som transperson. Det gjorde ho i fjor, og strauk samstundes førenamnet Rebecca Cathrine.

– Eg ønskjer å bli mitt sanne meg i alle deler av livet mitt, deriblant den delen av livet som er i det offenrtlege rom, sa ho.

Quinn seier ho er optimist for framtida, men seier at transpersonar framleis må vente seg ei tøff tid.

– Transkvinner kjem framleis til å bli diskriminerte når dei prøver å følgje sine olympiske draumar. Vi er ikkje i mål enno, seier ho.















Музыкальные новости






















СМИ24.net — правдивые новости, непрерывно 24/7 на русском языке с ежеминутным обновлением *