Добавить новость
smi24.net
Sport 24/7
Август
2021

Kvadruppelbogey for Daffinrud

0

Tonje Daffinrud enda på heile 10 slag over par på tredje runde av golfturneringa i OL. Ho er sist i det 60 kvinner store feltet, 22 slag over par.

På runden fredag opna ho med par, men så følgde fire strake bogeyar. Etter par på det sjette holet, følgde ein kvadruppelbogey - fire over par - på det sjuande.

– Det gjekk langt ut, og graset er høgt der. Dessutan jamna eg undeer eit tre. Eg måtte bruke tre slag berre på å kome meg ut, forklarte ho til NRK.

Åttande holet gav birdie, men så følgde to strake dobbelbogeyar.

Etter to nye par, kom det endå ein bogey. Men innspurten var god, med to birdiar og to par på dei fire siste.

– Eg får litt "gi f...-mentalitet". Då gjekk det betre. No håper eg å kunne avslutte med ein bra runde i morgon, seier ho.

Nelly Korda frå USA leier med 15 slag under par etter tre rundar. Ho er tre slag betre enn Aditi Ashok frå India.















Музыкальные новости






















СМИ24.net — правдивые новости, непрерывно 24/7 на русском языке с ежеминутным обновлением *