- Lønna tok 110 pst av inntekta
– Hadde vi ikkje selt Messi, hadde vi sett økonomien i klubben på spel i dei neste 50 åra, sa Barcelonas styreleiar Joan Laporta på ein pressekonferanse i dag.
Katalanerne har slitte økonomisk i lang tid og har ikkje klart å presse lønnsnivået i klubben lågt nok til å ha plass til Messi i stallen, sjølv om argentinaren skal ha vore villig til å gå kraftig ned.
I La Liga har alle klubbane eit lønnstak, og Barcelona måtte ifølge New York Times ha kvitta seg med rundt to milliardar kroner i lønsutgifter for å kunne forlengje med Messi.
Laporta opplyste på pressekonferansen at lønnsbudsjettet var 110 prosent av inntektene til klubben. Med Messi ute av lønsbudsjettet er dette framleis 95 prosent.
– Derfor forstod vi allereie for to dagar sidan at vi ikkje kunne skrive ny kontrakt med Messi, sa Laporta.
– Dei siste økonomiske rapportane viser at økonomien er endå verre enn vi trudde. Vi er på grensa med lønsutgifter sjølv utan Messi, sa Laporta.
Og la til:
– Men no er vi meir motiverte enn noksinne til å møte framtida.
