Siste 50 km i OL?
Dagens 50 km kappgang kan ha vore den siste i eit OL. Det står ikkje på prgrammet for neste OL, i Paris i 2024. Avgjerda haustar kritikk frå dei aktive.
Øvinga, som har stått fast på OL-programmet sidan 1936, skal under OL i Paris erstattast av ei miks-øving. Det avgjorde IOC-styret i juni.
– Det er ein stor bommert av IOC. Eg trur vi viste i dag at 50-kilometeren høyrer til på det olympiske prgrammet, sa kanadiske Evan Dunfee, som tok bronse i dag.
– Det hadde vore ei mykje betre løysing å la kvinnene også få gå 50 km, legg han til.
IOCs mål med endringa er å likestille øvingar for menn og kvinner utan å auke talet på øvingar og utøvarar.
