Добавить новость
smi24.net
Sport 24/7
Ноябрь
2021

Dommar og VAR-ansvarleg suspendert

0

Dommar Andres Cunha og dommaren i VAR-rommet er begge suspenderte på ubestemt tid etter å ha oversett ein stygg episode i VM-kvalifiseringskampen mellom Argentina og Brasil natt til onsdag.

Argetninas Nicolas Otamendi sette albogen i ansiktet på Brasila Rapinha så blodet rann. Men verken VAR eller dommaren reagerte.

Det søramerikanske fotballforbundet (Conmebol) har granska videobileta og slått fast at det var ei «valdeleg handling».

– Det skulle vere umogeleg for VAR å ikkje få med seg denne hendinga, freste Brasils landslagssjef Tite.

Han får støtte av Conmebol, som har utestengd begge to inntil vidare. – Dei har gjort klare og openberre feil, heiter det i avgjerda.

Kampen enda 0-0, eit resultat som kvalifiserte Argentina til VM. Brasil var klar frå før.















Музыкальные новости






















СМИ24.net — правдивые новости, непрерывно 24/7 на русском языке с ежеминутным обновлением *