Добавить новость
smi24.net
Sport 24/7
Сентябрь
2022

Glipptak for Häcken

0

Per-Mathias Høgmo og Häcken fekk med seg eitt poeng frå bortekampen mot Kalmar i Allsvenskan måndag. Med 1–1 er kampen om ligatittelen framleis uhyre tett.

Häcken toppar framleis tabellen i svensk fotball. Nærmast følger Djurgården og Hammarby som møttest til hovudstadsderby søndag. Det enda 0–0.

Resultatet gav Høgmos menn ei moglegheit til å skaffe seg ei luke i toppen av tabellen måndag. Den klarte dei ikkje å nytte. I staden er forspranget til Djurgården framleis på eitt poeng. Veton Berisha og Hammarby er ytterlegare fire poeng på etterskot.

Mot Kalmar hamna Häcken i trøbbel før pause. 25 minutt var spilt då Nahom Girmai Netabay sende heimelaget opp i leiinga. Den målgivande pasningen kom frå tidlegare Odd-spelar Oliver Berg.

I byrjinga av andre omgang løfta Høgmos elevar seg. Häcken pressa på og fekk utteljing då Tobias Sana utlikna etter eit snautt kvarter.















Музыкальные новости






















СМИ24.net — правдивые новости, непрерывно 24/7 на русском языке с ежеминутным обновлением *