Добавить новость
smi24.net
Sport 24/7
Октябрь
2022

Indonesia-ofra skal minnast

0

Det europeiske fotballforbundet har bestemt at det skal haldast eitt minutts stille før kampar i Uefa-regi denne veka etter tribunetragedien i Indonesia.

Det startar med kveldens meisterligakampar, opplyser forbundet på sine nettsider.

Minst 133 menneske er stadfesta døde etter at ei av dei verste stadionkatastrofene i fotballhistoria utspelte seg i Indonesia laurdag. Supportarar frå klubben Arema FC storma banen etter 2-3-tapet for rivalen Persebaya Surabaya i indonesisk fotball. Banestorminga leidde til det komplette kaos, og politiet tok i bruk tåregass i eit forsøk på å få kontroll på situasjonen.

Mange menneske døydde av kveling eller blei trampa i hel.

Det skal haldast eit minutts stille både i meisterliga-, europaliga-, serieliga- og VM-omspelkampar denne veka.

Av de 133 omkomne skal 37 vere barn og ungdommar. 91 menn og 42 kvinner mista livet.















Музыкальные новости






















СМИ24.net — правдивые новости, непрерывно 24/7 на русском языке с ежеминутным обновлением *