Varslar erstatningskrav etter feil på Follobanen
Bane Nor vil krevje erstatning frå entreprenøren etter problema på Follobanen. – Overfor vår entreprenør blir dette ei garantisak, seier administrerande direktør Gorm Frimannslund i Bane Nor til NTB. Bane Nor veit enno ikkje kor mykje problema har kosta, eller kor mykje det vil koste å utbetre dei. – Den store kostnaden er jo på samfunnet, det vil seie passasjerar som ikkje kjem seg på jobb eller liknande, seier Frimannslund.