Ein person omkom i luftsportsulukka i Stryn
Ein mann i 30-åra er stadfesta omkommen i luftsportsulukka i Stryn. Mannen skal vere norsk statsborger. – Det er gjort observasjon av speedglider som hadde ein vanskeleg takeoff frå Loen Skylift, seier Dan Erik Johannesen i politet. Politiet blei varsla om ulukka i dag klokka 12:52. Pårørande er varsla, ifølgje VG.