Utset byggestart på Stad skipstunnel
Byggestarten av Stad skipstunnel er utsett i eit halvt år. Kystverket hadde planlagt start i januar 2024, men har flytta det til sommaren same år. Det skriv Fri Fagbevegelse. Årsaka er 45.000 lastebillass med steinmasse. Fleire vil bruke desse steinmassane til ulike prosjekt. Kystverket treng meir tid til å avgjere kva slags føremål det skal gå til.