Senterpartiet lovar næringa at lakseskatten blir endra: – Alt for tidleg å seie noko
Regjeringa jobbar no med den endelege utforminga av grunnrenteskatten. Geir Pollestad i Senterpartiet seier til Dagbladet at ein kan vente store endringar samanlikna med det første forslaget. – Det er heilt sikkert, seier han til avisa. – Det som må vere klinkande klart er at det er den reelle prisen som skal gjelde, slår han fast. NRK har spurt fiskeriminister Bjørnar Skjæran i Arbeidarpartiet om endringane. – Kva endringar kan vi forvente? – Vi har kommunisert regjeringa sitt utgangspunkt heile vegen. Читать дальше...