Mohn vil ha norsk kjernekraft
Mangemilliardær Trond Mohn ønsker seg norske atomanlegg i drift innan ti år. – Skal vi bevare klimaet, er kjernekraft den einaste farbare vegen, seier han til NRK. Mohn har gått inn som hovudaksjonær i Norsk Kjernekraft AS, som blei etablert i fjor sommar.